Om

Eivind Kandal

 

Eivind kommer fra den vesle bygda Kandalen i Gloppen i Sogn og Fjordane. Der har han vokst opp og levd sine første 15 år.

 

Eivind debuterte som operasongar i operaen Querini på Røst i Lofoten sommaren 2012, som

også skal setjast opp igjen i august 2014, i rollen som Nicolo. Har gjennom fleire år

vore fast deltakar på Oslo Operafestival og på Kirsten Flagstad-festivalen på Hamar,

med større arbeid, mellom anna i Elskovsdrikken (Nemorino), Tryllefløyten (Tamino,

Monostatos) og Flaggermusen (Alfred, Orlofsky), og sommaren 2013 var han solist i

oppføringa av Don Giovanni (Don Ottavio) på Kirsten Flagstad-festivalen. På

Operahøgskulen i Oslo har han gjort utdrag frå Figaros bryllup (Basilio), A Midsummer

nights dream (Lysander), Cosi fan tutte (Ferrando), og Hin und zurück (Robert), og

våren 2013 gjorde han rollen Nerillo i operaen L’Ormindo som avsluttande produksjon

ved Operahøgskulen i Oslo. Hausten 2013 var han solist i oppføringa av operaen The

Blind av Lera Auerbach under Trondheim kammermusikkfestival. Eivind har også vore

solist ved oppføringar av fleire større kyrkjemusikalske verk, mellom anna Petite messe

Solennelle av Rossini, Kantate nr 36, 61 og 142, samt Juleoratoriet av J.S. Bach,

Schuberts messe i G-dur, Stabat mater av Pergolesi (i Wiener-versjonen), Missa brevis i

D-moll av Mozart, Oratorio de noël av Saint-Saëns, og I denne søte juletid av Arne

Dagsvik.

I tillegg har han vore aktiv deltakar på meisterklasser med Monica Bacelli, Solveig

Kringlebotn, Elizabeth Nordberg-Schulz, Randi Stene, Turid Karlsen, Helge Rønning,

Roberto di Simone, Susanna Eken, Håkan Hagegård, Benton Hess, Malcolm Martineau,

Petteri Salomaa, Andrew Manze, Paul Farrington, Erling Ragnar Eriksen, Bengt Åke

Lundin, Håvard Gimse, Matti Hirvonen, Toril Karlsen, Roberto Di Simone, Ingebjørg

Kosmo, Barbro Marklund Petersône, Folke Bengtson, Mona Julsrud, Matti Hirvonen,

Frank Havrøy, Live Marie Roggen, Virgilius Noreika.