Eivind kjem frå den vesle bygda Kandal i Nordfjord. Han avslutta si utdanning ved Operaakademiet i København våren 2017 med Susanna Eken som songpedagog.


I 2012 debuterte han som operasongar i rolla som Nicolo i operaen Querini på øya Røst i Lofoten, og i 2015 fekk han sin debut på Det Kongelige Teater i København som Gastone i La Traviata. Sesongen 17/18 var han solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett, og var å sjå mellom anna som Spoletta i Tosca, Andre håndverkersvenn i Wozzeck, og Gastone i La Traviata. Hausten 2017 debuterte han på Opera Nordfjord som Håkon i framsyninga Sildagapet, og hausten 2018 hoppa han inn på svært kort varsel som Rudolfo i La Boheme.


Eivind har eit breitt repertoar, mellom anna roller som Peter Quint i The Turn of the Screw, Male Chorus i The Rape of Lucretia og Ferrando i Cosi fan tutte. I tillegg har han vore solist i lang rekkje kyrkjemusikalske verk og samtidsverk, både internasjonalt og heime i Noreg. Han har i fleire år vore artist på mellom anna Oslo Operafestival, Trondheim Kammermusikkfestival, Kirsten Flagstad Festival og Copenhagen Opera Festival. I tillegg har han sjølv vore med på å produsere og framføre ei rekkje framsyningar og konsertar som har turnert rundt i både Aust-, Vest- og Nord-Noreg.


Eivind og sambuaren Torstein Kollevåg driv Sølvane Gard i Kandal, der dei arrangerar operakonsertar og ei mengde andre kulturelle arrangement.